Toppoppgjør enda uavgjort

Toppkampen mellom Sunnylven og Hareid 2 på Hellesylt stadion enda 5 – 5. Ein kamp som etter kvart vart så spanande som eit toppoppgjør skal vere.

Hareid 2 hadde føringa gjennom heile kampen, men heimelaget gav aldri opp om viktige poeng.
Ved pause leia gjestane 3-2 og etter kvilen gjekk dei raskt opp til 5-2. Storskårar for Hareid 2 denne kvelden var Per Ståle Nykrem med tre mål, Jon Anders Liaset og Magne Kjell Wingsternes teikna seg for eitt kvar.

På heimelaget var Alf Ole Sundgot tilbake i angrepet og etter 16 minutt stanga han inn det første heimemålet. Også Hans Kristian Hjellbakk Hole dondra inn mål før kvilen og trua om å sikre poeng var absolutt til stades på stillinga 3-2 til Hareid 2.

Det skulle ikkje gå meir enn 90 sekund av andre omgang før Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg IL gav gjestane straffespark, og når Wingsternes pirka inn 5-2 mørkna det både på bana og for heimepoeng.
Men i flaumljoset vakna Sunnylven. Flotte angrep både frå høgre og venstre kant skapte delvis panikk i Hareid-forsvaret.
Etter 66 minutt vart Jørgen Helset takla ulovleg i feltet og straffesparket sette Bård Forbord sikker i mål. Ti minutt seinare var det Henning Frøysa sin tur og dermed redusering til 4-5.

Markus Forbord har stor fart og skapte mykje slit for forsvaret til Hareid 2. Etter 83. minutt fekk han lagt inn framfor mål, og i panikk beina ein gjesteforsvarar ballen i eige mål.
Dermed enda toppoppgjøret uavgjort 5-5, Hareid 2 med 28 poeng, Sunnylven 27 poeng og to kampar mindre spela enn Åmdal med 29 poeng.

Domar Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg IL delte ut fleire gule kort til begge lag og brukte fløyta meir enn rikeleg.

Sunnylven – Hareid 2, 5 – 5 (2-3)
Mål Sunnylven:
Alf Ole Sundgot 16, Hans Kristian Hjellbakk Hole 36, Bård Forbord 66-straffe, Henning Frøysa 76, sjølmål 83.
Publikum: ca 35.
Sunnylven sitt lag:
Eirik Stenberg, Per Ove Frøysa, Jørgen Helset, Asbjørn Kvam Karbø, Vidar Even Leite, Bård Forbord, Eivind Helset, Hans Kristian H. Hole, Henning Frøysa, Markus Forbord, Alf Ole Sundgot.
Nytta innbyttarar:
Ole A. Ringdal, Leif Rune Tryggestad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380