Lokalnytt

Toralv Maurstad til Hellesylt

Skodespelar Toralv Maurstad og kunstnar Oddvin Parr ved det store relieffbiletet "Stormen" under opningsfesten i 2002.
Skodespelar Toralv Maurstad og kunstnar Oddvin Parr ved det store relieffbiletet «Stormen» under opningsfesten i 2002.

Skodespelar Toralv Maurstad kjem til 10-års markeringa for opning av kunst og kultursenteret Peer Gynt Galleriet på Hellesylt. Jubileumsfesten 25. august byd på både underhaldning og servering i kunstsenteret sine lokale.


Etter ei byggetid på seks månader vart kunst og servicesenteret Hægstad Gård på Hellesylt opna 1. juni 2002. Senteret har seinare skifta namn til Peer Gynt Galleriet.
Skodespelar Jon Eikemo stod for opninga i 2002 og klipte over silkebandet saman med kunstnaren Oddvin Parr.

Opningsfest 2002
Den nye storstova på Hellesylt vart reist først og fremst for å huse Peer Gynt-relieffa av treskjerar og kunstnar Oddvin Parr. Ein unik kunstskatt som vart sikra lokale i heimbygda.
Fleire var medeigarar då bygget vart reist, mellom anna næringslivsmannen Egil Flakk frå Ålesund. Bygget vart teikna av arkitekt Odd Slyngstad.

Opningsseremonien i 2002 var storslagen med fleire inviterte gjestar. Også kjende kunstnarar var til stades, som skodespelar Toralv Maurstad som deklamerte frå dramaet Peer Gynt.
Også Astrid Overaa og Vibecke Haagensen framførte kulturelle innslag, og kunstnar Oddvin Parr spela sjølv Per saman med Kari Hauso Stadheim som mor Åse i ei dramatisert scene frå Peer Gynt på uteområdet.

Skodespelar Toralv Maurstad kjem
No er det gått ti år sidan opninga på plenen framfor kunstsenteret. Laurdag 25. august blir 10-års jubileet markert med fest og programinnslag i Peer Gynt Galleriet på Hellesylt.

Som i 2002 kjem skodespelar Toralv Maurstad til Hellesylt for å framføre utdrag frå Henrik Ibsen sitt store drama Peer Gynt.
I tillegg har festleiar Geir Frøysa sett saman eit attersyn, og det blir song og musikkinnslag av lokale aktørar.
Arrangøren legg også opp til servering av mat som er inkludert i billettprisen på 300.- kroner.

Peer Gynt Galleriet har i dag kunstgalleri, kafe og turistinformasjon på Hellesylt.

Under opningsfesten av Hægstad Gård i 2002 var det fleire kulturelle innslag, her ved Astrid Overaa og Vibecke Haagensen.
Under opningsfesten av Hægstad Gård i 2002 var det fleire kulturelle innslag, her ved Astrid Overaa og Vibecke Haagensen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380