Lokalnytt

Breibanddekninga tilbake

Desse karane hadde ein stri tørn med å få nytt utstyr på plass på Geitfjellet, men lukkast. Rikard Simonsen frå Direct Connect til høgre.
Desse karane hadde ein stri tørn med å få nytt utstyr på plass på Geitfjellet, men lukkast. Rikard Simonsen frå Direct Connect til høgre.

Direct Connect sitt opplegg for breiband i Sunnylven svikta i uveret sist veke. Utstyret på Geitfjellet ved Sunnylvsfjorden ramla ut i stormen tysdag. Knapt ei veke seinare var signala tilbake.


Det var tysdag 4. september rundt klokka 15.00 at alle med breiband på radiolink i Sunnylven mista alle signal. Stormen hadde øydelagt sendeutstyr på Geitfjellet.

Mastra med utstyr står svært værhardt til på det 1615 meter høge fjellet mellom Geirangerfjorden og Sunnylvsfjorden, og det var ikkje første gong at tekniske innretningar blei øydelagt av vinden. Under juleorkanen Dagmar i 2011 forsvant vindmølla som skaffar straum til sendaren. Ingen har sett den sidan.

Rikard Simonsen i Direct Connect var svært lei seg over det som skjedde sist tysdag og sette i verk ein storstilt operasjon for å få nettet opp å gå igjen.
Veret var den store hindringa, men måndag denne veka tok mannskap seg ut til toppen av Geitfjellet med helikopter og nytt utstyr.
Sjølv om verforholda ikkje var gode denne dagen heller, lukkast det å få på plass tekniske installasjonar som gav internettsignala tilbake.

Simonsen trur at utstyret vil tole neste storm, men førebur ei større oppgradering av utstyret på Geitfjellet i oktober.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380