Busstur gjennom Kviven

Torsdag 27. september inviterer Sunnylven pensjonistlag og Sunnylven sanitetslag på busstur, mellom anna etter nyevegen gjennom Kviven. Arrangøren håper mange blir med på turen.


Avreise er frå Peer Gynt Galleriet, Hellesylt kl. 09.15, og med heimkomst same stad kring kl. 18.00.
Turen går til Hornindal og gjennom Kviven, til Austefjorden, Dalsfjorden, Koparnes, Åram og Sandsøy.
Det blir servert middag på Rosenlund og etterpå omvising i Sande kyrkje. Lokalkjent guide er med på turen.

For meir informasjon og påmelding, ta kontakt med:
Knut J. Tryggestad tlf. 91 39 84 74 / 70265087
Solveig Høgalmen tlf. 90 79 72 10 / 70265168
Solbjørg Alme tlf. 41 65 84 85 / 70264034

Påmeldingsfrist er søndag 23. september. Om påmeldinga blir lita, kan turen bli avlyst, opplyser arrangøren.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380