Damelaget enda på sølvplass

Damelaget Sunnylven/Stranda avslutta ein stålande sesong med siger 3-0 over Volda 2. på Hellsylt stadion onsdag. Målskårarar var Inga Vik, Stine Fivelstad og Kirsti Frøysadal Hauge.


Lillian Aasheim i Sunnylven/Stranda sitt mål hadde svært lite å gjere i kampen mot Volda 2. Heimelaget trykte på, men gjestane hadde gode spelarar i forsvaret, så Kirsti Frøysadal Hauge og Stine Fivelstad sleit med å kome i skåringsposisjon.
Det måtte likevel bli mål sjølv om angriparane til Sunnylven/Stranda ikkje hadde stilt inn siktet i starten. Gjennom heile omgangen var det trøkk i heimelaget så ballgutane frå Sunnylven sitt G-10 lag hadde mykje å gjere bak Tonje Sjølset Smitshjell i Volda-målet.
Etter fleire hjørnespark lukkast det i 17. minutt. Inga Vik sitt legg frå hjørnet gjekk rett i kassa og dermed 1-0.

Mål to kom i omgangens siste minutt. Stine Fivelstad kom seg fri og dundra ballen i nota. Laga gjekk til kvile på 2-0 til heimelaget.

Andre omgang vart mest som første. Sunnylven/Stranda pressa gjestane bakover, men dei forsvarte seg heroisk. Spesiell var midtstoppa Ragnhild Reite lei å kome forbi for ”målmaskina” Kirsti Frøysadal Hauge. Men i det 66. minutt vann superspissen til Sunnylven/Stranda duellen og klinka kula i nettmaskene. Dermed stod det 3-0 som også vart sluttresultat.
Utanom nokre hjørnespart noterte vi ingen målsjanse til Volda 2 i heile kampen.

Eit suksesslag
Damelaget Sunnylven/Stranda vart ein suksess og har hatt ein strålande sesong. Laget kom litt dårleg ut i første kamp mot Herd, men etter det har laget kjempa heilt i toppen av 3. divisjon. Haustsesongen var god med berre sigrar på seks kampar og med 28 skåra mål og eitt i eiga kasse. Tala viser kvalitetar i alle lagdeler.
Det enda med sølvplass for trenar Hans Hole sitt mannskap, ein sterk og flott prestasjon. Håpet for alle fotballglade må vere at samarbeidslaget Sunnylven/Stranda blir realitet også neste sesong.

Herd vinnar
Herd vann onsdag med 5-1 over Bergsøy og vart vinnar av kvinner 3. div. Sunnmøre. Dei møter Clausenenga om opprykk til 2. div. neste år.

Kvinner 3. div.
Sunnylven/Stranda – Volda 2. 3-0 (2-0)
Mål Sunnylven/Stranda: Inga Vik 18, Stine Fivelstad 44, Kirsti Frøysadal Hauge 66.
Domar: Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg IL

Sunnylven/Stranda:
Lillian Aasheim, May-Helen Hole, Linda Vågseter Bjørdal, Tina Jøsok, Anne Lise Lødøen Helset, Inga Vik, Lena Gjerde, Kjellrun Lied, Linn Kammen, Stine Fivelstad, Kirsti Frøysadal Hauge.

Nytta innbyttarar:
Kristin Ringdal, Anette Frøysa, Anne Grete Langleite, Julianne Lundanes.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380