Damelaget vann mot Spjelkavik

Sunnylven/Stranda tok ein ny siger i 3.divisjon, denne gong med 4-1 mot Spjelkavik. Kampen, som gjekk på Stranda stadion, vart definitivt avgjort siste fem min då heimelaget scora to mål. Stillinga ved pause var 2-0.


Steinar Hjelle – 16:20:39
Kirsti Frøysadal Hauge starta kampen med å sende heimelaget i leiinga. Ho stanga inn ein corner etter berre to min spel. Utover omgangen hadde Sunnylven/Stranda full kontroll på Spjelkavik og kunne scora fleire mål. Stine Fivelstad fastsette pauseresultatet til 2-0 då ho avslutta eit flott heimeangrep med ti min til pause.

Etter ein fullt fortjent pauseleiing så kom Spjelkavik meir med etter kvilen. Bortelaget skapte ikkje mange sjanser, men hadde eit visst trykk på Sunnylven/Stranda. Reduseringa låg i lufta og midtveis i omgangen fekk dei teljande resultat etter corner. Etter dette var kampen jamn, men mot slutten kom heimelaget meir med. Fem minutt før slutt kom kampens høgdepunkt. Stine Fivelstad sendte avgårde eit skot frå om lag 35 meter som suste opp i motsatt vinkel og dermed 3-1 leiing for Sunnylven/Stranda. I siste speleminutt fastsette Kirsti Frøysadal Hauge sluttresultatet til 4-1 då ho netta sikkert aleine med keeper.

Hovedtrenar Hans Hole var fråverande denne kampen, men Gisle Aaland (ass.trenar) og Kalle Hjelle (Stranda J16) leia Sunnylven/Stranda sikkert inn til tre nye poeng. Dette betyr at laget kun er eit poeng bak leiande Herd. Tre kampar gjenstår før sesongen er over. Dei neste to kampane for Sunnylven/Stranda er borte mot Langevåg og borte mot Bergsøy. Sesongen blir avslutta på Hellesylt stadion onsdag 26.september mot Volda 2. Positivt var det at fleire av dei unge spelarane fekk sjansen og gjorde sine saker veldig bra i denne kampen.

Laget:
Lillian Aasheim, May-Helen Hole, Linda Vågsæther Bjørdal, Kjellrun Lied, Gro Mari Langleite, Tina Elisabet Jøsok, Lena Gjærde, Marthe Lundanes, Anne Lise Lødøen Helset, Stine Fivelstad og Kirsti Frøysadal Hauge.
Nytta reservar: Amanda Uranes, Birgitte Lovise Sve Hagen, Kristin Ringdal, Randi Grønningsæter, Anette Frøysa.

Dommar var Svein Ole Sørensen, VRF, og han gjorde jobben sin godt. Eit gult kort til Spjelkavik vart utdelt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380