Få beredskapsvakter i Sunnylven

Erling Hauge til venstre, her i samtale med Per Inge Jelle, var mellom dei som melde seg som friviljug beredskapsvakt.

Erling Hauge til venstre, her i samtale med Per Inge Jelle, var mellom dei som melde seg som friviljug beredskapsvakt.

Etter Stranda Røde Kors sin verveaksjon på Hellesylt sa kring ti personar ja til å vere friviljuge beredskapsvakt i Sunnylven. Det var mindre enn forventa, seier leiar Per Inge Jelle.


Målet med Røde Kors Beredskapsvakt er å kunne mobilisere friviljuge, både menn og kvinner til innsats dersom ei krise eller katastrofe i lokalmiljøet skulle oppstå.
Gjennom heile 2011 / 2012 har Rode Kors hatt gåande ein større verveaksjon for å skaffe friviljuge vakter lokalt.
Stranda Røde Kors har hatt verveaksjonar på Stranda og i Geiranger der til saman kring 100 friviljuge beredskapsvakter har meldt seg. Sist laurdag var det verveaksjon på Hellesylt.

-I ei bygd som Hellesylt hadde vi forventa å få med 20 personar, men det vart berre det halve, kunne Per Inge Jelle fortelje, litt skuffa etter fire timar på stand i sentrum.

Sunnylvingar har likevel sjansen til å melde seg som friviljug beredskapsvakt i Stranda Røde Kors seinare. Ta kontakt med leiar Per Inge Jelle, tlf. 917 72 360.
-Om det skjer noko alvorleg i området der du bur, vil Røde Kors ta kontakt og spørje om du kan hjelpe, seier Jelle.

Stranda Røde Kors var representert på Hellesylt med Per Inge Jelle, Tove Hagebakk, Oddbjørn Berge og Lillian Aasheim.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380