Haustmøte i Pensjonistlaget

Ottar Langeland hadde "Ord for dagen" under haustmøtet i pensjonistlaget.

Ottar Langeland hadde «Ord for dagen» under haustmøtet i pensjonistlaget.

Sunnylven Pensjonistlag avheldt sitt årlege haustmøte sist onsdag. Frammøtet var godt med storparten av laget sine 70 medlemar til stades.


Leiar Knut J. Tryggestad ønska vel møtt og leia møtet. Han kunne by på både program, servering, miniutloddning, og han fekk festlyden med i allsong.
”Ord for dagen” var ved Ottar Langeland som hadde leita fram eit dikt om heimegrenda av far sin, Peder Langeland. Diktet kom på andre plass i ein konkurranse som Sunnmørsposten lyste ut i 1931. Vinnar av dikttevlinga vart Henrik Straumsheim frå Sykkylven, kunne Ottar Langeland fortelje som også hadde med eit dikt av Arnulf Øverland.

Under samlinga i Sunnylven kyrkjelydshus trakterte unge Lars Kvam Karbø pianoet både til allsong og som programinnslag.
Helge Tryggestad viste bilete og fortalde frå ein tur med hjelpesendingar til Litauen for to år sidan, og frå eit liknande besøk til Afrika i vår.

Før jul vil Sunnylven Pensjonistlag invitere på juletallerken for medlemer.
Det blir sendt ut invitasjon for påmelding til arrangementet som truleg blir onsdag 28. november.

Lars Kvam Karbø sytte for musikk både til allsong og som underhaldning.

Lars Kvam Karbø sytte for musikk både til allsong og som underhaldning.p

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380