Ikkje Hurtigrutepassasjerar til Hellesylt

Trollfjord og andre hurtigruteskip går prøveturar på Hjørundfjorden frå 15. september.

Trollfjord og andre hurtigruteskip går prøveturar på Hjørundfjorden frå 15. september.

Frå 15. september og i ti dagar skal Hurtigruteskipa gå prøveturar på Hjørundfjorden. Etter ilandstigning ved Leknes blir passasjerar frakta til fleire stader.

Også Peer Gynt Galleriet på Hellesylt var mellom turistbedrifter som var aktuelle for besøk av passasjerar frå Hurtigruteskipa.
No viser det seg at skipa blir så kort tid ved Leknes der passasjerar skal gå i land, at det ikkje blir tid til tur gjennom Norangsdalen til Hellesylt under prøveturane i september.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380