Inntok tabelltoppen

Alf Ole Sundgot til venstre og Henning Frøysa var målskårarar for Sunnylven. (Arkivfoto)

Alf Ole Sundgot til venstre og Henning Frøysa var målskårarar for Sunnylven. (Arkivfoto)

Sunnylven sitt herrelag tok nok ein siger og med dagen tre poeng er laget på toppen av tabellen. Alf Ole Sundgot var i scoringshumør i kampen mot Moltu/Gjerdsvika og laga heile fem av heimelaget sine seks mål.
Steinar Hjelle – 03.09.2012 19:14:28
Bakover på bana hadde Sunnylven god kontroll og hald nullen og dermed ein sikker 6-0 siger til vertane.

Sunnylven spelte mykje bra fotball første 30 min og leia 2-0 etter to scoringar av Alf Ole Sundgot. Siste kvarteret kom Moltu/Gjerdsvika meir med i kampen utan at det vart farleg framfor heimemålet. Etter pause var oppskrifta omtrent den samme; bra fotball i starten med mål og meir upresist mot slutten.
Uansett om der var eit par dårlege perioder var det mest av det positive. Mange sjanser etter godt spel, brukbar uttelling og god kontroll defensivt.

Når det gjenstår 4 seriekamper er Sunnylven på topp, men Hareid 2 kan passere om dei vinn kampen dei har mindre enn Sunnylven.
Med fire kamper på Hellesylt stadion utover hausten så er det gode sjanser for fleire sigrar for heimepublikummet.

Sunnylven – Moltu/Gjerdsvika 6-0 (2-0)
Mål Sunnylven: Alf Ole Sundgot 5, Henning Frøysa 1.
Laget:
Daniel Berbecki, Per Ove Frøysa, Jørgen Helset, Asbjørn Kvam Karbø, Robert Tryggestad, Eivind Louis Helset, Ole Arnstein Ringdal, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Henning Frøysa, Alf Ole Sundgot, Markus Tryggestad Forbord.
Nytta reservar:
Trygve Aaland Tryggestad, Henning Nydahl, Ivar Ringdal Sæter og Przemyslaw Kaminski.

Dommar var Svein Ole Sørensen, VRF.

Ca 40 på tribuna fekk med seg storsigeren og dei vil nok møte opp til neste heimekamp mot Sæbø mandag 10.september.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380