Lokalnytt

Internettsambandet tilbake

Over 40 abbonentar i Sunnylven har vore utan breiband ei veke. Dårleg ver hindra tilkomst til sendaren på Geitfjellet, men fredag bedra det seg og feilen vart retta.

Det var harde forhold oppe på 1615 meter høge Geitfjellet, fortalde teknikar Snorre Molden. Og det på ein dag då sola endeleg kom tilbake til Hellesylt og Sunnmøre.
Der var både vind og kulde og rikeleg med snø oppe på fjellet.

Feilen vart funnen og mannskapet fekk gjort jobben slik at internett kom tilbake til 40 kundar og langt fleire brukarar i Sunnylven. Det vart skifta ut ein switch og nokre kontakter i kassa.

Backup-løysing
Richard Simonsen i Direct Connect beklagar sterkt uhellet med sendaren på Geitfjellet og at det tok fleire dagar før feilen vart retta.
-Vi har gjort så godt vi kunne, men veret maktar vi ikkje noko med.
Om ca. ei veke har vi i drift ei backup-løysing, så om Geitfjellet skulle dette ut vil Sunnylven framleis ha ei brukbar internettløysing.
I tillegg skal sendaren på det verutsette fjellet få ei anleggsmessig oppgradering i veke 41, så då skal det tole mykje ver-, seier Richard Simonsen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380