Markerte Saniteten si veke

Helge Kvam Karbø til venstre og Trygve Aaland Tryggestad var mellom kundane som kjøpte seg vafle av sanitetslaget.

Helge Kvam Karbø til venstre og Trygve Aaland Tryggestad var mellom kundane som kjøpte seg vafle av sanitetslaget.

Sunnylven sanitetslag har markert Saniteten si veke der temaet i år var ”kampen mot vold”.

På Sunnylven skule vart det denne veka delt ut panneband til alle elevar i første klasse.
Laurdag hadde styre i Sunnylven sanitetslag stand i Hellesylt sentrum med utdeling av armband og informasjonsbrosjyrer.

I tillegg baud laget på sal av vafler og kaffi. Eit tiltak som vart godt motteke der mange stakk innom for å handle og slå av ein prat.

-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380