
Etter mange oppfordringar blir det servering av potetball på Peer Gynt Galleriet både komande torsdag og i neste veke. Det opplyser dagleg leiar Randi Sæter.
Balldag på Peer Gynt Galleriet kvar torsdag vart ein suksess. Etter mange henvendelsar frå bygdefolk er det no vedteke at serveringa vil halde fram, i alle høve eit par torsdagar til, fortel dagleg leiar Randi Sæter.
I Peer Gynt Galleriet på Hellesylt blir det servering av potetball torsdag 6. september og torsdag 13. september, begge dagar frå kl. 13.00 til kl. 17.00