Lokalnytt

Opnar bibliotek i nye lokale

Her er nokre av ungdomane som deltok i flyttesjauen, frå venstre Stian Frøysa, Elisabet Enoksen, Lars Kvam Karbø og Andreas Nybø Støverstein. (Foto: Privat)
Her er nokre av ungdomane som deltok i flyttesjauen, frå venstre Stian Frøysa, Elisabet Enoksen, Lars Kvam Karbø og Andreas Nybø Støverstein. (Foto: Privat)

Sunnylven bibliotek har flytta inn i nye lokale i Sunnylven kyrkjelydshus. Tysdag 2. oktober blir det nyopning med servering av kaffi og kaker.


Biblioteket på Hellesylt leigde lokale av Coop Marked Hellesylt, men så vart leigeavtalen sagt opp frå 1. juli.
Politikarane i Stranda vedtok at filialen i Sunnylven skulle leggast ned, mot bygdefolket sitt ønskje. Mange, også unge engasjerte seg med underskriftslister og etter drøftingar med kommunen kom ein fram til ei løysing.

I juni vart biblioteket flytta til Sunnylven kyrkjelydshus. Unge og eldre tok del i arbeidet med å frakte bøker og anna utstyr frå Coop Marked og over i dei nye lokala.
Flyttinga er tenkt som ei mellombels løysing i påvente av at Sunnylven skule blir restaurert og får permanente biblioteklokale.

Tysdag 2. oktober blir det offisiell opning av biblioteket i dei nye lokala i Sunnylven kyrkjelydshus. Alle som har høve til å møte fram er velkomne.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380