På tur etter nye vegar

Nyleg la medlemer frå Sunnylven Pensjonistlag og Sunnylven Sanitetslag ut på busstur til eit sjeldant reisemål etter nye vegar. I alt 44 damer og menn ville oppleve den nye Kvivsvegen på tur til Sandsøya, ei perle i havgapet.
Ei lang reise låg føre så det var tidleg avgang frå Hellesylt. Første vesle stopp var på Grodås der reiseleiar Olav Faleide steig ombord. I over 40 år har Faleide, som har guiding som yrke formidla historier og fortalt om stader over heile landet til både norske og andre reisande. Turen fram og tilbake frå Sandsøy var kjent landskap for læraren som underviser ved Stryn vidaregåande skule utanom turistsesongen.
Gjennom Kviven
Reisemålet var lagt opp av tre grunnar, sa Faleide. Det skulle vere ein dagstur der alle var heime før det vart mørkt, turen skulle gå gjennom Kviven etter den nye vegen til Volda, og målet var Sandsøya der få hadde vore. Det viste seg at berre to i reisefølget hadde vore på øya før.
Nyevegen var ei stor nyvinning for Kalvatn og bygda Austefjorden som har hatt gamal busetnad og som i dag har eit variert næringsliv. Bygda der det er jordbruk, heimeindustri, kraftutbygging og mange maskinentreprenørar, har no blitt attraktivt som bustadområde.
Etter å ha køyrt gjennom sju lange og korte tunnelar med holet gjennom Kviven som lengst med sine sju kilometer, dukka Volda fram.
Skulestaden som har utdanning nest etter universitet, var mellom dei første som hadde eiga lokalavis i landet. Det sytte Syvert Årflot Prenteverk for med avisa Møre, fortalde Faleide.
Meisterstykke
Så venta Eiksundsambandet med Eiksundtunnelen, den djupaste i verda med sine 271 meter under sjøflata. Det tok fem år å bygge dette meisterstykket som Olav Faleide kalla det. 23. februar 2008 opna dåverande samferdselsminister Liv Signe Navarsete vegsambandet til 800 mill. kroner, og som gjorde Eiksund landfast.
Turen gjekk mot Larsnes og den første ferja over til Voksa. Etter kvart vart landskapet ”furet, værbitt” slik diktaren Bjørnson skildra det, men hus og hagar fortalde likevel om eit moderande og velståande samfunn.
Mange utanlandske turistar
Framme på Sandsøya kom pedagogen verkeleg fram i Olav Faleide. Her vart det nokre minutt historietime frå Snorre og andre historieskrift, mellom anna at kong Artur hadde sitt sete her ein gong kring 400 år etter Kristus.
Sandsøy var også ein viktig ”marinebase” under krigen. Her var mange stader å stikke seg vekk med båtar, sa Faleide.
Etter å ha passer mange flotte sjøboder som i sommarhalvåret blir fylt opp av turistar, mest tyskere og hollendere, kom vi til Rosenlund. Ei sjøbu som har blitt restaurant og med ein stor sommarhage fullt av gamalt utstyr frå fiskaryrket.
Gjestfriheita var stor hos vertskapet og middagen fall i smak. Dei som trudde det skulle bli eit måltid av sjømat, tok feil. På bordet kom kjøtt av storfe i brun saus med poteter, erterstuing og tyttebær. Til slutt var det kake og kaffi.
Sjeldne fuglearter
Sandsøya minkar i flateareal ved flo sjø. Dei grunne fluene kring øya er rike på krabbe og har eit rikt og sjeldant fugleliv. Over tohundre fugleartar er registrert her. Få plassar i Norge finne ein artar som gulbeinmåse, svartehårsmåse, mongolpipelerke, tartanpipelerke, myrrikse og trelerke.
Sandsøya er flat, men har også berg og kollar, mellom dei Dolsteinen der Dolsteinshola ligg, kanskje Europas djupaste grotte.
Etter kvart vart det heimtur for medlemane frå Sunnylven Pensjonistlag og Sunnylven Sanitetslag. Det vart ferje frå Voksa til Åram, der i frå til Lauvstad og ny ferje til Volda. På Kalvatn svinga Rasmus Taraldset til venstre og ein snartur til Bjørke, før turen igjen gjekk gjennom Kviven og etter den andre køyrebana.
Leiar i Sunnylven Pensjonistlag oppsummerte turen med få ord.
-Ei oppleving og ein strålande tur. Mest glad er eg for at så mange melde seg på og at alle vart med. Eg håper vi kan gjere fleire slike turar i lag seinare-.




