Lokalsport

Poengdeling mellom Sunnylven og Sæbø

Sunnylven og Sæbø spela uavgjort 1-1 på Hellesylt stadion måndag. Ein kamp med massevis av sjansar til begge lag, stangskot og ein misbrukt straffe.


Sæbø kom tydeleg vis til Hellesylt for å ”hevne” 1-2 –tapet frå vårkampen på Sæbø. Etter kvart kom dei til fleire gode målsjansar og i det 13. minutt låg ballen i nota bak Eirik Stenberg. Langskotet frå Espen Frøland gjekk over heimelaget sin elles gode målvakt og sneik seg under tverrstonga og i mål.

Deretter skjedde det lite, men kampen hadde temperatur i seg. Etter 28 minutt vart raske Alf Ole Sundgot spela fram på høgrekanten. Steffen Wille i Sæbø-målet jakta også ballen og i forsøk på avklaring meia han ned Sundgot nesten ute ved sidelinja. Wille må vere glad for at domar Tor Bjermeland drog opp berre det gult kortet.
Sunnylven sin lynspiss måte ut med skade resten av kampen.
Omgangen ebba ut med borteleiing 1-0.

Utlikning
Andre omgang var berre tre minutt då utlikninga kom etter eit presist framspel til Henning Frøysa som dundra ballen i mål. Både Henning Frøysa og Markus Forbord var begge positive på heimelaget i angrepet og jakta stadig mål, men makta ikkje å overliste gode forsvararar hos Sæbø.

Utover i kampen vart det tøffe duellar, ingen av laga ville tape dette oppgjøret. Domar Bjermeland brukte fløyta flittig og delte ut tre gule kort til gjestane.

I det 84. minutt var Henning Frøysa på nytt på full fart i målfeltet til gjestane, men vart stoppa ulovleg. Bård Forbord har alltid vore siker straffeeksekutør, men denne gongen misslukkast han. Steffen Wille redda meisterleg til stor jubel hos dei lyseblå.
Eit stort trøkk frå heimelaget dei siste fem minutta resulterte heller ikkje i mål, faktisk kunne Sæbø ha ”rana” alle poenga heilt på slutten med eit skot i tverrstonga.

Kampen Hareid 2 – Flø enda 2-0. Dermed ligg Sunnylven tre poeng bak Hareid 2, tre kampar før slutt.
Måndag kjem Haddal på besøk til Hellesylt stadion.

Sunnylven – Sæbø 1-1 (0-1)
Mål Sunnylven: Henning Frøysa, 48.
Domar: Tor Bjermeland, Herd.

Sunnylven sitt lag:
Eirik Stenberg, Per Ove Frøysa, Asbjørn Kvam Karbø, Ole A. Ringdal, Vidar Even Leite, Bård Forbord, Eivind Helset, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Henning Frøysa, Alf Ole Sundgot, Markus Forbord.
Nytta reservar:
Leif Rune Tryggestad, Robert Tryggestad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380