Potetplukkarar

  • doc_3044_2
  • doc_3044_13
  • doc_3044_14
  • doc_3044_15
  • doc_3044_16
  • doc_3044_17

 

 

Kvar haust er born frå Sunnylven Barnehage på tur for å sjå og hauste av det som har vakse i naturen gjennom sommaren. Denne veka kom dei til Storstein for å plukke poteter.

Det har vore ein våtsam haust så langt, men bra ver då ti born frå Trollhola kom på besøkte til potetåkeren på Stortein torsdag, og endå betre då ni andre kom i same ærend dagen etter.

Jorda i åkeren var blaut og kleima etter mykje regn, men alle var kledde etter forholda og var spente på om dei fann poteter.
Med handemakt og grev fann dei rikeleg av ”jordeple”. Først vart dei plukka i bøtter dei hadde med og deretter kvelva over i ein stor sekk.
Astriks-potetene var store og fine. Her var nok til mange middagar med kokte poteter, eller til å lage både potetball og potetkaker.

-Vi er svært glade for å få kome i åkeren og grave fram poteter. Finn vi ei morpotet i jorda fortel vi om korleis dei nye potetene blir til. Vi lærer borna at poteter ikkje veks fram i butikkhyllene, seier barnehagetantene, Mariann Sundgot Frøysa og Marianne Fivelstad.

Dei fortel at kvar haust er borna i Sunnylven barnehage på tur for å sjå, lære og oppleve litt av det som har vakse fram gjennom sommaren. I år var temaet bær og poteter, og litt seinare skal dei på besøk til eit fjøs for å sjå på kalvar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380