Sankar inn trimbøker

Steimsnibba søndag 23. september. (Foto: Rune Hole)

Steimsnibba søndag 23. september. (Foto: Rune Hole)

Trimgruppa har starta å skifte bøker på dei høgastliggande trimpostane. Søndag 23. september vart det skifta på Nokkenibba og Steimsnibba.

Dei første teikna til vinter med snø på toppane har vist seg. Difor har trimgruppa i Sunnylven IL starta med innsamling av bøker og poeng frå siste sommar, fortel leiar Rune Hole.
Bøkene frå postane på Nokkenibba og Steimsnibba vart henta søndag.

Hole legg til at det framleis er lov å registrere turar på årets trimskjema for dei som ynskjer det. Han opplyser at nye skjema for neste trimår blir lagt ut for salg i midten av oktober.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380