Lokalsport

Sigersrekka held fram

Sunnylven/Stranda sitt damelag går frå siger til siger. Onsdag var det Bergsøy som fekk stryk 3-0.


Maskineriet fungerar sjølv med store utskiftningar på laget, kunne trenar Hans Hole melde etter kampslutt. Og spelarane held motivasjonen oppe, seier han sjølv om dei lenge har jakta om KM-tittel og eit eventuelt opprykk, eitt poeng bak Herd.
Oppgjøret Herd – Spjelkavik enda 3-2.

I kampen mot Bergsøy banka Stine Fivelstad inn første målet i lengste hjørne etter 17. minutt. 33. minutt ut i kampen vart det 2-0 til Sunnylven/Stranda ved Kirsti Frøysadal Hauge, eit resultat som stod seg til pause.

Unge fekk speletid
Andre omgang var berre tre minutt når Kirsti Frøysadal Hauge ordnar 3-0, og dermed var kampen i realiteten avgjort.
Bergsøy har mange gode spelarar, men mot Sunnylven/Stranda fekk dei lite til torsdag.

Trenar Hole gjorde fleire endringar og let dei unge i spelarstallen få kamptrening. Han var godt fornøgd både med kampen og spelarane sin innsats.
Onsdag 26. september går siste serierunde i kvinner 3. divisjon. Då møter Sunnylven/Stranda Volda 2 på Hellesylt stadion.

Kvinner 3. divisjon.
Bergsøy – Sunnylven/Stranda 0-3 (0-2)
Mål Sunnylven/Stranda: Stine Fivelstad 17, Kirsti Frøysadal Hauge 33, 48.

Sunnylven/Stranda:
Lillian Aasheim, May-Helen Hole, Anne Lise Lødøen Helset, Tina Jøsok, Linda Vågseter Bjørdal, Jannicke Gjerde, Anniken Hjellbakk Hole, Linn Kammen, Lena Gjerde, Stine Fivelstad, Kirsti Frøysadal Hauge.
Innbyttarar:
Anne Grete Langleite, Anette Frøysa, Kristin Ringdal, Julianne Lundanes.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380