Sikker siger mot Langevåg

Sunnylven/Stranda vann overbevisande 3-0 på bortebane mot Langevåg onsdag. Laget ligg framleis på andre plass i kvinner 3. divisjon etter at Herd vann 4-0 over Ørsta og toppar tabellen.


Eit ruskever med vind og regn gjorde kampen mellom Langevåg og Sunnylven/Stranda til ei lite triveleg forestilling.
Veret la likevel ingen dempar på innsatsen ute på bana. Sunnylven/Stranda møtte eit godt heimelag som hadde gode resultat å vise til frå dei siste kampane, og var gode også onsdag, spesielt i medvinden i første omgang.
Det var likevel Sunnylven/Stranda som skåra einaste målet i omgangen etter at Kirsti Frøysadal Hauge fanga opp ei dårleg avklaring i feltet. Dermed stod det 1-0 til gjestane frå indre strøk ved pause.

I andre omgang fekk Sunnylven/Stranda medvind. Etter 60. minutt ordna Kirsti Frøysadal Hauge 2-0 på langskot, ei kule av eit skot.
Ti minutt før slutt sette Marte Lundanes ”spikeren i kista” med 3-0, også det eit langskot frå 25. meter.

Sunnylven/Stranda har mista fleire av dei faste spelarane frå vårsesongen, men mange nye har kome til. Laget har ein stor spelarstall der fleire unge har fått ”smake på nivået” i dei siste kampane, og greidd seg godt.
Sigern mot Langevåg var fortent og ein lagsiger der alle sto på til siste fløytesignal i eit forferdeleg ver. Det gav løn i form av siger og tre nye poeng.
Neste kamp for Sunnylven/Stranda er borte mot Bergsøy, før sesongen blir avslutta på Hellesylt stadion onsdag 26. september mot Volda 2.

Kinner 3. divisjon.
Langevåg – Sunnylven/Stranda 0-3 (0-1)
Mål Sunnylven/Stranda: Kirsti Frøysadal Hauge 2, Marte Lundanes 1.

Sunnylven/Stranda:
Lillian Aasheim, Tina Jøsok, Kjellrun Lied, Linda Vågseter Bjørdal, May-Helen Hole, Gro Mari Langleite, Marte Lundanes, Linn Kammen, Lena Gjerde, Stine Fivelstad, Kirsti Frøysadal Hauge.
Nytta inn byttarar:
Randi Grønningsæter, Karoline Nerli, Birgitte Hagen, Julianne Lundanes.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380