Sikra mot nye stormskader

doc_3036_2

Tidlegare leiar i Sunnylven IL, Knut Dag Langeland tok ingen sjansar med den nyreparerte kunstgrasbana på Hellesylt stadion då værmeldinga melde om full storm denne veka.

Knut Dag Langeland jobba mykje med å få på plass kunstgrasbana på Hellesylt stadion i 2010, og har også vore svært aktivt for å få den reparert etter stormskadane sist vinter.

Restaureringa var nesten ferdig då han drog på ferie i sommar, men marerittet og synet av den stormskada bana andre juledag følgde med.

Langeland fortel at under ferieopphaldet drøymde han ei natt at det bles opp og kunstgrasdekket på stadion letta opp i vinden. Det var ei skremande oppleving som heldigvis berre var ein draum, seier han.
Men då værmeldinga varsla vind opp i storm styrke denne veka, tok han ingen sjansar.
Med truck frakta han fleire sekkar granulat som står på stadion rundt om og plasserte dei i kanten av banedekket.

Det skjedde ingen ting denne gongen, men vinden på Hellesylt stadion var så sterk at fleire mål, også dei største hadde flytta på seg.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380