Lokalnytt

Siste ferjetur i år

Søndag 30. september var siste ferjetur frå Hellesylt for i år for frå venstre kaptein Jonas Holm, matros Tage Fredriksen, maskjinist Olav Waagan, styrmann Einar Eide, matros Anne Pettersen Henden og stuert Kjell Øverland.
Søndag 30. september var siste ferjetur frå Hellesylt for i år for frå venstre kaptein Jonas Holm, matros Tage Fredriksen, maskjinist Olav Waagan, styrmann Einar Eide, matros Anne Pettersen Henden og stuert Kjell Øverland.

Søndag 30. september gjekk turistferja Bolsøy dei siste turane på fjorden mellom Hellesylt og Geiranger for i år. Ein sesong som starta 1. mai var dermed over.

Rundt 1. september slutta turistferja Veøy i ferjeruta mellom Hellesylt og Geiranger og gjekk til Kristiansund for opplag. Det same skjer no med Bolsøy, kunne kaptein Jonas Holm fortelje.
Utan at han hadde dei endelege trafikktala for sommaren 2012, var det nok litt mindre enn året før. Nedgangen var på privatbilar og passasjerar, av bussreisande var trafikken stort sett som før.
Holm trur at den økonomiske stoda i Europa kan ha verka inn på trafikken.

Matros Anne Pettersen Henden tykte det var trist at det var siste dag på fjorden for i år. Ho hadde lika jobben, det var mykje trivelegare å vere på turistferja Bolsøy enn gå i trafikk med ruteferje. No var det fyrst to veker ferie og deretter på jobb igjen på ferja Kvanne – Rykkjem for Anne Pettersen Henden.

Mannskapet på Bolsøy gleda seg alt til neste sesong og nye turar på Verdsarvfjorden.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380