Lokalnytt

Skryt av Hellesylt cruisekai

294 meter lange Costa Deliziosa var største cruisebåt til Hellesylt kai i 2012.
294 meter lange Costa Deliziosa var største cruisebåt til Hellesylt kai i 2012.

Siste cruiseskip har vore innom Hellesylt og i Geiranger denne sommaren. Over 200 båtar besøkte Geiranger i 2012, vel halvparten så mange sette i land eller tok ombord passasjerar på Hellesylt.


Inger Mari Tryggestad og hennar mannskap på land har teke mot og fortøyd 40 cruisbåtar til den nye cruisekaia på Hellesylt i løpet av sommaren. Det var langt fleire enn som melde sin ankomst før kaia var ferdig.

Mange fordommar vart sett fram om den nye cruisekaia og mange var spente på korleis det ville gå å legge til med store cruiseskip, seier Inger Mari Tryggestad.
No kan ho fortelje om ein problemfri sesong med berre lovord og gode tilbakemeldingar. Ho har snakka med fleire kapteinar og losar og alle har vore svært positive. Manøvrering til og frå kai har gått utan problem av noko slag, stadfestar ho.
Også den gule bøya som dei største båtane brukar til forankring var stabil og fungerte som den skulle.

Invasjon av måsar
Største problemet på kaia har vore alle måsane som samlar seg, seier Inger Mari Tryggestad. Dei legg att avføring som bør fjernast når turistane skal gå i land, så det har blitt ein del jobb med å spyle kaia. Det som har fungert for å halde dei vekke har vore å ha vatnspredarar ståande på. Men kaia er 140 meter lang så det går mange spredarar og mykje vatn om ein skal bruke ei slik løysing, seier Tryggestad.

Den nye djupvasskaia på Hellesylt vart teken i bruk 17. mai med 210 meter lange Empress som la til som første skip.
I alt 40 båtar har gått til kai og sett i land passasjerar i løpet av sommaren. Det største skipet var Costa Deliziosa med sine 294 meter.

Auke neste år
Siste båt til Hellesylt i år var MSC Lirica 23. september. Då hadde 108 båtar vore innom Hellesylt i 2012. Neste år vil talet auke til 117 ut frå det som er påmeldt så langt.
For Geiranger er det 202 cruiseskip som har meldt sin ankomst i 2013 til no.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380