Sterke i Oslo Maraton
Sunnylven IL var godt representert med løparar i kvinneklasser under Oslo Maraton laurdag. Det vart sterke tider og plasseringar høgt på resultatlistene for Anniken Hjellbakk Hole, Kari-Anne Tryggestad Ryste og Anne Jorunn Hauge.
Alle tre sprang halvmaraton, ein distanse på 21. 097 km.
Anniken Hjellbakk Hole, kjent frå langrenn, fotball, løping og fjellturar, deltok i kvinner 20-22 år. Av 146 i klassa vart ho nr. 7. på 1.30.27, ei tid som ville gjeve 41. plass av totalt 2587 startande kvinner på halvmaraton.
Kari-Anne Tryggestad Ryste deltok i kvinner 45-49 år. Her starta 257 og Kari-Anne vert nr. 6. på 1.34.26. Ein sterk prestasjon.
For Anne Jorunn Hauge vart sluttida 2.02.46 og 587. plass av 1036 deltakarar i kvinner 23-34 år.
I klasse menn 45-49 år deltok Inge J. Tryggestad i 10 for Grete. Han kom i mål til 70. plass, 0.50.45. Totalt 158 fullførte i klassa.