Lokalnytt

Sunnylven og Geiranger vil få prest

Vårt oppslag om prest i Sunnylven kunne mistydast. Prost Svein Runde presiserer at både Sunnylven og Geiranger skal ha prest. Alle sokn skal ha sin sokneprest.


Svein Runde seier at undersøkinga som skal gjerast om arbeidsbelastning, skal vere ferdig før nyåret. Då vil ein sjå kor mykje presteressurs det vert for kvart prosti.

Målsetjinga er fortsatt at det skal bu prest på Sunnylven prestegard. Men den presten kan få tillagt andre oppgåver innan kyrkja enn berre å vere sokneprest i desse to sokna, som til dømes noko trusopplæring i Stranda – Norddal.
Stillinga til denne presten er tenkt å vere 100 % til saman, seier Svein Runde.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380