Lokalsport

Sunnylven til 5. divisjon

Sunnylven sitt mannskap som rykte opp til 5. divisjon. Til høgre trenar Jens Arve Forbord, til venstre oppmann Gisle Aaland.
Sunnylven sitt mannskap som rykte opp til 5. divisjon. Til høgre trenar Jens Arve Forbord, til venstre oppmann Gisle Aaland.

Sunnylven vann 7-1 over Larsnes/Gursken 2 og gjekk til topps på tabellen for 6. divisjon avd. 1. Dermed blir det 5. divisjon i 2013 etter ein overbevisande kamp der måla rann inn i opningsminutta.


Sjølv om kampen søndag var siste seriekamp er sesongen for Sunnylven sitt herrelag ikkje over. I slutten av oktober skal laget ut i to kampar om KM-tittelen i 6. divisjon. Motstandar er ikkje klart, enten Langevåg 2. eller Ravn.
Om laget viser like solid spel som mot Larsnes/Gursken 2 på søndag kan det fort bli meir å sprette champageflasker for.

Gjestelaget frå ytre strøk fekk ein frykteleg start på kampen på Hellesylt stadion. Alt etter fem minutt hadde den 15 år gamle målvakta henta tre ballar ut av kassa, alle signert Alf Ole Sundgot.
Og verre vart det. 5-0 stod det til pause etter skåringar av Henning Frøysa og Markus Tryggestad Forbord.

Jubla for trøstemål
I andre omgang samla dei unge gjestane seg til betre innsats, men å kome gjennom den knallsterke forsvarsrekka til Sunnylven fann dei ikkje ut av. Ikkje før tre minutt før slutt, då fekk dei sitt trøstemål ved Torstein Helland.
Ein engasjert supportergjeng som støtta laget sitt i kampen på Hellesylt, jubla som om dei hadde vunne oppgjøret.
Før det hadde Sunnylven auka leiinga til 6-0 etter at Larsnes/Gursken 2. hadde ”rota” ballen i eige mål, og til 7-0 ved Bård Forbord på straffespark.

Det vart temperatur i kampen heilt på slutten, av ukjente grunnar. Domar Oddbjørn Hatlehol delte ut alle slag haustfargar i løpet av kampen, både gule og eitt raudt til begge lag.

500 kampar.
Vidar Even Leite spela sin 501 kamp for Sunnylven søndag og fotballeiar Steinar Hjelle overrekte blomar til jubilanten før avspark. På fotballfesten til dame -og herrelaget laurdag 3. november vil Leite også få trøya med talet 500 påtrykt og ein pokal.
Tidlegare har to spelarar, Arne Storstein og Hans Hole passert grensa på 500 spela kampar for klubben.

Herrer 6. div. avd. 1:
Sunnylven – Larsnes/Gursken 2. 7 – 1 (5-0)
Mål Sunnylven: Alf Ole Sundgot, 3, 4, 5. Henning Frøysa 13, Markus T. Forbord 41, sjølmål 64, Bård Forbord, str. 82.
Mål Larsnes/Gursken 2: Torstein Helland, 87.
Domar: Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg IL.

Sunnylven:
Leif Rune Tryggestad, Per Ove Frøysa, Jørgen Helset, Asbjørn Kvam Karbø, Bård Forbord, Eivind Helset, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Henning Frøysa, Markus Forbord, Alf Ole Sundgot, Vidar Even Leite.

Nytta innbyttarar:
Kamik, Trygve Aaland Tryggestad, Robert Tryggestad, Ole Arnstein Ringdal, Pål Andre Lødøen Helset, Helge Tryggestad.

Fotballgruppa gjorde stas på Vidar Even Leite som spela kamp 501 søndag. Til venstre fotballeiar Steinar Hjelle.
Fotballgruppa gjorde stas på Vidar Even Leite som spela kamp 501 søndag. Til venstre fotballeiar Steinar Hjelle.
Champagnen var innkjøpt og på plass i tilfelle opprykk. Og det vart korkespretting og symbolsk feiring mellom spelarane.
Champagnen var innkjøpt og på plass i tilfelle opprykk. Og det vart korkespretting og symbolsk feiring mellom spelarane.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380