Sunnylven toppar tabellen

Alle topplaga i 6. div. avdeling 1., Åmdal, Hareid 2 og Sunnylven gjekk sigrande ut av nest siste serierunde. Sunnylven toppar no tabellen med same poengsum som Hareid 2, men med betre målskilnad.

Sunnylven møtte Kvamsøy/ÅVK på Hellesylt stadion søndag. Med siger ville Sunnylven henge med i kampen om opprykk til 5. divisjon og spel om KM-tittelen i 6. div.

Kvamsøy/ÅVK opna friskt og gav heimelaget kamp i starten. Etter 15. minutt tok dei like godt leiinga 1-0 ved Henning Støylen.
Baklengsmålet førte tydeleg vis til at Sunnylven skjerpa seg, og få minutt seinare kom utlikninga ved Markus Tryggestad Forbord.

Gjestane frå Kvamsøy/ÅVK forsvara seg godt og kom også på sjeldne raid framover, men skape små problem for ein småsjuk Eirik Stenberg i heimelaget sitt mål.
Og med berre elleve spelarar minka kreften etter kvart for laget frå ytre.
I første omgang siste minutt kom leiarmålet for heimelaget og 2-1 ved Markus Tryggestad Forbord.

Skifta på laget
I andre omgang gjorde trenar Jens Arve Forbord endringar og inn på laget kom Jørgen Helset, Kamik og Alf Ole Sundgot. Det gav endå meir kraft framover mot gjestane som trøytna merkbart etter kvart.
Alf Ole Sundgot stod over kampen mot Haddal grunna skade, men søndag var han tilbake i storslag. Heile fem ballar donka han i nota bak Asbjørn Støylen i Kvamsøy/ÅVK-målet.
Det sjette i andre omgang var sjølvmål i krysset og ei av dei vakraste skåringane i kampen etter eit knallhardt innlegg av Henning Frøysa.

I siste serierunde neste søndag kjem Larsnes/Gursken 2 på besøk til Hellesylt stadion. Då blir alt avgjort om opprykk og eventuelt spel om KM-tittel.

Laurdag vann Åmdal 5-1 over Moltu/Gjerdsvika og søndag slo Hareid 2 Tjørvåg 10-4.
Sunnylven leiar pongtabellen med 37 poeng, det same som Hareid 2, men med 12 plussmål.
Åmdal på tredje plass har 35 poeng og sjansen til å toppe 6. div. avd. 1 om dei to andre går på tap i siste serierunde. Det trur vi ikkje.

Herrer 6. div. avd. 1.
Sunnylven – Kvamsøy/ÅVK 8-1 (2-1)
Mål Sunnylven: Alf Ole Sundgot 5, Markus Tryggestad Forbord 2, sjølvmål 1, (Henning Frøysa)
Domar: Kjell Erik Slinning, Spkl. Herd.

Sunnylven:
Eirik Stenberg, Per Ove Frøysa, Asbjørn Kvam Karbø, Leif Rune Tryggestad, Robert Tryggestad, Bård Forbord, Eivind Helset, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Markus Tryggestad Forbord, Ole Arnstein Ringdal, Henning Frøysa.

Nytta innbyttarar:
Jørgen Helset, Kamik, Alf Ole Sundgot, Pål Andre Lødøen Helset, Ivar Ringdal Sæter.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380