Vann mot Haddal

Henning Frøysa skåra alle måla for Sunnylven mot Haddal

Henning Frøysa skåra alle måla for Sunnylven mot Haddal

Henning Frøysa var i skåringshumør og banka inn alle tre måla til Sunnylven då laget vann 3-1 over Haddal på Hellesylt stadion. Laget kjempar no mot Hareid 2 og Åmdal om opprykk til 5. divisjon.

Etter 1-1 ved pause var det Sunnylven som til slutt sikra seg tre poeng til stor glede for eit fåtalling publikum måndag kveld.
Botnlaget Haddal yppa seg godt i starten av kampen og tok leiinga etter 20 minutt på ein markkrypar.
Sjølv om gjestane kom til fleire halvsjansar var det Sunnylven som styrte det meste og burde skåra fleire gonger. Men Tor Erik Andersen i målet til Haddal tok alt som kom, heilt fram til fire minutt før pause. Då donka Henning Frøysa til frå høgrekanten, og ballan fauk i nota via stolpen til utlikning.

Fartsfylt
Sunnylven mangla sin faste målvakt i denne kampen, men Leif Rune Tryggestad hadde langt mindre å henge fingrane i enn sin kollega i andre enden av bana, takka vere solid stopparspel av Jørgen Helset og Asbjørn Kvam Karbø som også rydda unna i stor stil.

Vi har sett Sunnylven spele betre fotball, men tempoet var høgt. Etter kvart vart det vanskeleg for gjestelaget å henge med og etter 53. minutt låg laget under på resultatlista. Domar Svein Ole Sørensen dømde straffespart til Sunnylven etter nedsparking bakfrå i feltet. Det knallharde skotet frå Henning Frøysa gjekk i nota sjøl om Tor Erik Andersen hadde fingertuppane i ballen.

Eksteriørdømming
På slutten av kampen trykte heimelaget på for nok ei skåring og Haddal hadde det travelt med å forsvare seg. Det vart mykje haway-fotball utan plan og meining.
Og fem minutt før slutt kom det tredje målet. Henning Frøysa sprang rett frå sin oppassar og banka ”kula” inn like ved stolpen. Ei flott avslutning på ein god kamp av tremåls-skåraren, men gjestane lika resultatet dårleg. Jonas Ringstad hadde gult kort frå tidlegare og like før slutt kom det verbal eksteriørdømming av domaren. Det vart rødt kort og marsjordre.

Henning Frøysa er nemnd, det same er Jørgen Helset og Asbjørn Kvam Karbø. På Sunnylven spela også Per Ove Frøysa, Markus Forbord og Hans Kristian Hjellbakk Hole solid. Det same gjorde Vidar Even Leite så lenge kreftene heldt. Også skiskyttaren Trygve Aaland Tryggestad viste gode takter som fotballspelar. Og med rutinerte pasningsleggarar som Bård Forbord og Ole A. Ringdal er laget ein sterk kandidat til opprykk.

Herrer 6. divisjon, avd 1.
Sunnylven – Haddal 3-1 (1-1)
Mål Sunnylven: Henning Frøysa, 41, 53 str., 85.
Domar: Svein Ole Sørensen, VRF.

Sunnylven:
Leif Rune Tryggestad, Per Ove Frøysa, Jørgen Helset, Asbjørn Kvam Karbø, Vidar Even Leite, Bård Forbord, Trygve Aaland Tryggestad, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Henning Frøysa, Markus Forbord, Ole Arnstein Ringdal.
Nytta innbyttarar:
Kamik, Ivar Ringdal Sæter, Eivind Louis Helset, Robert Tryggestad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380