Lokalnytt

Vedlikehald av ”Huset Vårt”

Etter kvart har behovet for utvendig vedlikehald av kunst og kultursenteret Peer Gynt Galleriet meldt seg, i første omgang måling og beising.
Etter kvart har behovet for utvendig vedlikehald av kunst og kultursenteret Peer Gynt Galleriet meldt seg, i første omgang måling og beising.

Etter ti år treng kunst og kulturbygget Peer Gynt Galleriet på Hellesylt diverse vedlikehald. Styret ønskjer seg ein person som kan ha ettersyn og få organisere vedlikehald av bygget, spesielt utvendig.

Peer Gynt Galleriet, kunst og kulturbygget på Hellesylt feira nyleg ti år. På dei åra har det ikkje vore gjort vedlikehald av bygninga utvendig, men no viser behovet seg.
Det er ikke store arbeida, seier styreleiar i Peer Gynt Galleriet AS, Øystein Ljøen, mest måling og beising, men som er fornuftig å få gjort unna no.

Ljøen seier at styret kjøper inn det som trengs, men ønskjer seg ein person som kan sjå til kva som bør gjerast og gjerne skaffe dugnadsfolk til å utføre arbeida. I første omgang er det måling og beising, men arbeida må gjerast på dagar veret tillet det.

Om nokon kan tenkje seg jobben og hjelpe til slik at selskapet sparer seg for utgifter, ta kontakt med styreleiar i Peer Gynt Galleriet AS, Øystein Ljøen, tlf. 97 04 15 40.

-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380