Arrangerer Futsal-KM
Sunnylven IL er arrangør av Futsal-KM for gutar 19 år. Turneringa går i Strandahallen frå fredag 9. november til søndag 11. november.
I alt 26 lag var påmeldt i junior menn (G 19) då fristen gjekk ut 24. oktober.
Klassa er av dei med flest lag, og like mange lag som i klasse G 16 med Stranda IL og G 14 med Emblem IL som arrangørar.
Sunnylven IL har engasjert i alt 50 personar for å få avvikla meisterskapen på ein god måte, fortel leiar i Sunnylven Fotball, Steinar Hjelle.
I G 19 er desse med. (Antall lag)
Brattvåg (2)
Emblem
FK Sykkylven
Godøy IL
Hareid IL Fotball
Hasundgot IL
Hovdebygda IL
IL Valder (2)
Langevåg IL
Rollon (2)
Skarbøvik
Sp.kl. Herd (2)
Skodje IL
Stordal IL
Stranda (2)
Sunnylven IL
Vigra IL
Volda (2)
Åheim IL
Ørsta
Futsal-KM for junior menn startar fredag 9. november med innleiande kampar frå kl. 18.00 til ca. 23.00, og held fram laurdag frå kl. 09.00 til ca. 23.00.
Søndag frå kl. 10.00 til 19.30 er det sluttspel der KM-vinnaren blir kåra.
Domarar under meisterskapen er:
Bjarte Steinsbu, Brattvåg IL
Odd Arne Grande, Skodje IL
Oddmund Kaldhussæter, Blindheim IL
Oddbjørn Aam, Åmdal IL
Joon Young Chang, Stordal IL
Helge Tryggestad, Sunnylven IL