Lokalnytt

Dansa i BlimE

 

 

Elevar frå 1. til og med 7. klasse ved Sunnylven skule deltok i landsmønstringa BlimE på Dans fredag. Ei haldningskampanje som vart starta opp av NRK Super for tre år sidan.

Fredag presis klokka 12.00 var i alt hundre tusen skuleborn over heile landet med og dansa til Frode Viken sin flotte song og slutta opp om NRK Super sitt slagord for holdningskampanja: ”Si hei til noen du vet hvem er, men som du ikke så ofte sier hei til.”

50 elevar frå 1. til og med 7. klasse ved Sunnylven skule var dei einaste frå skular i Stranda kommune som dansa med i år.

Den siste veka har elevane nytta litt av musikk og gymmtimar og av og til brukt opninga av skuledagen til å lære seg songen og dansen.
Det vart friske minutt på parketten i gymmsalen med spenst og rytme og smittande danseglede.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380