Fest med saudehaud

Inge Bjørdal hadde mange gode medhjelparar under saudehaudfesten. Her er nokre, frå venstre Anne Marie Sømoen Frøysa, Erna Hellebostad og Lisbeth Lervik.

Inge Bjørdal hadde mange gode medhjelparar under saudehaudfesten. Her er nokre, frå venstre Anne Marie Sømoen Frøysa, Erna Hellebostad og Lisbeth Lervik.

Sunnylvsbygda grendalag sin årlege saudehaudfest samla fullt hus laurdag. Over hundre personar var sessa kring småbord for igjen å innta gamal tradisjonsmat.

Leiar i grendalaget, Inge Bjørdal kunne ønske vel møtt til den tolvte saudehaudfesten på rad laurdag. Som tidlegare var matgildet kome i stand gjennom innsats frå fleire, nærmast eit dugnadsprosjekt, sa han.
Det starta med flåing av saudehaud som grendalaget fekk gratis av kjøttvarebedrifta Ole Ringdal A/S. Her vart hauda også salta, tørka og kokte ferdig til servering på laurdag.

På matbordet i grendahuset kom 300 halve haud, poteter, kålrotstappe, kokmør og flatbrød.
Maten fall i smak, enno betre enn i fjor var kommentarane. Kanskje ikkje så rart, det var av dyr som hadde beita i Verdsarvområdet, hevda leiaren.

Alt som kan tyggast kan etast på eit saudehaud, er det sagt. Slik vart det også på saudehaudfesten laurdag. Det som låg igjen var bein, tenner, litt tannkjøt og augesteinen.
Men sjølve auga var del av måltidet, det var delikatessa.

Over hundre frammøtte kunne forsyne seg frå eit stort og velsmakande matbord under saudehaudfesten.

Over hundre frammøtte kunne forsyne seg frå eit stort og velsmakande matbord under saudehaudfesten.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380