Fotballavslutning for senior

Vidar Even Leite fekk blomster for 500 spela kampar av fotballeiar Steinar Hjelle. Under fotballfesten blir det meir heider til veteranen.

Vidar Even Leite fekk blomster for 500 spela kampar av fotballeiar Steinar Hjelle. Under fotballfesten blir det meir heider til veteranen.

Sunnylven Fotball inviterer til fotballavslutning for dame og herrelag laurdag 3. november. Festen blir halde på Peer Gynt Galleriet, Hellesylt.


Til årets fotballfest for dei to seniorlaga blir det sendt ut invitasjon til spelarar, trenarar, oppmenn og øvrig støtteapparat med følge. Også supportarar av laga er velkomne.
Under festen på Per Gynt Galleriet blir fleire prisar delt ut. Vinnarar på begge lag får toppskårarpris, treningspris og årets spelar. I tillegg blir det delt ut ein publikumspris. Her er vinnaren kåra av ein folkejury, opplyser fotballeiar Steinar Hjelle.

Vidar Even Leite har runda 500 kampar for Sunnylven senior i løpet av sesongen. Under fotballfesten får han overrakt trøya med 500 på ryggen og pokal.

Det blir servert tacobuffet og dessert. Pris er kr. 250.- pr. person.
Påmeldingsfrist er 29. oktober til Steinar Hjelle, tlf. 951 41 999, eller e-post steinar.hjelle@live.no

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380