Lokalsport

Fotballfest laurdag

Kirsti Frøysadal Hauge vart toppskårar på Sunnylven/Stranda sitt damelag.
Kirsti Frøysadal Hauge vart toppskårar på Sunnylven/Stranda sitt damelag.

Sunnylven IL Fotball inviterer til fotballfest på Peer Gynt Galleriet laurdag 3. november. Festen for dei to seniorlaga i klubben er open også for andre enn spelarar.


Til no er rundt 55 personar påmelde til fotballfest laurdag, fortel leiar i fotballgruppa Steinar Hjelle. Han håper at mange fleire vil kome innom Peer Gynt Galleriet då festen er open for alle som er glade i fotball.

Framleis er det høve å melde seg på om ein ønskjer å vere med på middagen, men elles er det berre å kome innom, seier han. Aldersgrensa er 18 år.
Under fotball festen blir fleire prisar delt ut. Vinnarar på begge lag får toppskårarpris, treningspris og årets spelar.
I tillegg blir det delt ut ein publikumspris. Her blir ein vinnar mellom spelarane på dame- og herrelaget kåra av ein folkejury.
Han fortel også at 22 spelarane på herrelaget får ei nål kvar for KM-tittelen i 6. divisjon som dei sikra med samanlagtsiger 7-5 over Ravn. På fotballtinget 8. desember får klubben i tillegg diplom og statuett.

Vidar Even Leite har runda 500 kampar for Sunnylven senior i løpet av sesongen. Under fotballfesten får han overrakt trøya med 500 på ryggen og pokal.

Festen laurdag startar med tacobuffet og dessert kl. 19.00. Deretter blir det utdeling av prisar og taler, før Ole Arnstein Ringdal viser fotballbilder frå Sunnylven sine dame- og herrekampar på 80 og 90-talet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380