Lokalnytt

Haustfest i Fjellrosa 4-H

Liv Tone Tryggestad har fullført siste oppgåve i 4-H. I mars får ho 4-H plaketten, den høgaste utmerkinga i organisasjonen.
Liv Tone Tryggestad har fullført siste oppgåve i 4-H. I mars får ho 4-H plaketten, den høgaste utmerkinga i organisasjonen.

Fjellrosa 4-H er einaste klubben i Stranda kommune og har drive 4-H arbeid i over 40 år samanhengande. Søndag var det haustfest på Sunnylvsbygda Grendahus med utstilling, litt program og servering til mange frammøtte.

Liv Tone Tryggestad presenterte si siste 4-H oppgåve under haustfesten til Fjellrosa 4-H søndag. Der fekk ho plakettnål for sjuande godkjente oppgåve. Under fylkesårsmøtet i mars kan ho motta plaketten, den høgaste utmerkinga innan 4-H organisasjonen.

Liv Tone Tryggestad hadde valgt ”Vi lagar leir” som oppgåve og fekk som dei andre 17 klubbmedlemane godkjente arbeid og skryt av fylkesinstruktør May Britt Johnson.
-Den dagen eg kjem til Hellesylt og oppgåvene er dårleg løyste blir eg overraska. Stort sett har det alltid vore godt utførte arbeid frå medlemane-, sa Johnsen. Ho tykte dei var verd ein applaus og det fekk dei frå ein fullsett grendahussal av foreldre, besteforeldre og andre slektningar.
Til å dele ut merke, sølvskeier og diplom fekk ho hjelp av banksjef i Sparebanken Møre, Stig Tryggestad og klubbrådgjevar Frank Øksvang.

May Britt Johnsen kunne likevel ønskje seg meir aktive medlemer i Fjellrosa 4-H. Ho sakna dei på tilstelningar på fylkesplan, som leir og årsmøte. Ho fortalde at i år blir det halde kurs i Malmefjorden første helga i februar, årsmøtet er i Molde i mars, og 4-H leir blir det på Gjermundnes siste helga i juni.

Alle dei 18 medlemane, to meir enn i fjor stilte ut arbeida sine og fekk godkjent. Oppgåvevala varierte frå fotografering, friluftsliv, form og fantasi til dyr og baking.
Frank Øksvang er klubbrådgjevar A i Fjellrosa 4-H.
Jorunn Trøen Frøysa og Per Ingebrigt Karbø er klubbrådgjevarar B.

Desse stilte ut og fekk godkjente oppgåver:
Vanja Trøen Frøysa, Form og fantasi, aspirantmerke
Terese Hauge, 4-H fotograf, bronsemerke
Anne Grete Kjellstadli Langleite, 4-H fotograf, bronsemerke
Kathrine Øksvang, 4-H fotograf, bronsemerke
Stian Frøysa, Sportsfiske, sølvmerke
Ottar Frøysa Hellebostad, Veding, sølvmerke
Ole Iver Kjellstad, Vi bakar, sølvmerke
Johanne Tryggestad, Hest, gullmerke
Anette Frøysa, 4-H fotograf, fagskjold bronse
Irene Trøen Frøysa, Form og fantasi, fagskjold bronse
Lars Kvam Karbø, Eggelegge, fagskjold bronse
Sigurd Kjellstad, Høns, fagskjold bronse
Nanna Frøysa Hellebostad, Friluftsliv, fagskjold sølv
Håkon Elias Kjellstad, Traktor, fagskjold sølv
Inga Elise Nybø Vik, Friluftsliv, fagskjold sølv
Helge Kvam Karbø, Friluftsliv, fagskjold gull
Liv Tone Tryggestad, Vi lagar leir, plakettnål.

Vanja Trøen Frøysa er yngste medlem i Fjellrosa 4-H. Ho hadde aspirantoppgåve i år.
Vanja Trøen Frøysa er yngste medlem i Fjellrosa 4-H. Ho hadde aspirantoppgåve i år.
Helge Kvam Karbø hadde jobba med oppgåva Friluftsliv.
Helge Kvam Karbø hadde jobba med oppgåva Friluftsliv.
Nanna Frøysa Hellebostad har fått sine utmerkingar frå May Britt Johnsen, Stig Tryggestad og Frank Øksvang.
Nanna Frøysa Hellebostad har fått sine utmerkingar frå May Britt Johnsen, Stig Tryggestad og Frank Øksvang.
Vestibylen i Grendahuset var fyllt opp med utstillingar heilt til endes.
Vestibylen i Grendahuset var fyllt opp med utstillingar heilt til endes.
Medlemar i Fjellrosa 4-H.
Medlemar i Fjellrosa 4-H.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380