Lokalnytt

Hausttakkefest i Sunnylven

-

Søndag var det gudsteneste med hausttakkefest i Sunnylven kyrkje, ein tradisjon som går tilbake til 1899. Mange kom til kyrkja som var vakkert pynta i haustlege fargar.

Gudsteneste i Sunnylven opna med prosesjon der born frå skule og barnehage var i fleirtal og bar med seg korger av frukt og grønnsaker frå årets avlingar. Desse vart plasserte på altarringen der dei stod under heile gudstenesta.

Til gudstenesta var også 50- og 60- års konfirmantar inviterte og til stades. Rett nok litt ferre på søndag en då dei vart komfirmert av sokneprestane Idar Åndal og Sigurd Haugen.
Elevar frå tredje og fjerde klasse ved Sunnylven skule las bøner dei hadde skrive og konfirmantar las tekster for dagen.

Vikarprest Øystein Kjølberg vinkla preika si ut frå preiketeksta ”gjev oss vårt daglege brød”, ei naturleg tekst på denne søndagen. Det vart ei matpreike der konklusjonen var som ordtaket; ”Uten mat og drikke duger helten ikke”.

Ungdomskoret Joyful var også på plass under hausttakkefesten og gleda med to songar, vakkert framført under leiing av Oddbjørg Stadheim.

På kyrkjeorgelet spela Lars Kvam Karbø til salmane, 15-åringen som har fått kontrakt som organist i Sunnylven kyrkje.

Elevar frå 3. og 4. klasse las bøner dei hadde skrive.
Elevar frå 3. og 4. klasse las bøner dei hadde skrive.
Ungdomskoret Joyful.
Ungdomskoret Joyful.
Vakre haustfargar pryda Sunnylven kyrkje søndag.
Vakre haustfargar pryda Sunnylven kyrkje søndag.
50- og 60- års konfirmantar saman med vikarprest Øystein Kjølberg.
50- og 60- års konfirmantar saman med vikarprest Øystein Kjølberg.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380