LokalnyttLokalsport

Hellesylt stadion held FIFA-standard

Jens Westberg frå ISA Sport hadde avansert måleutstyr med seg.
Jens Westberg frå ISA Sport hadde avansert måleutstyr med seg.

Kunstgrasbana på Hellesylt stadion held FIFA sin internasjonale standard. Det viste målingar som ISA Sport Nordic utførte denne veka.

Under målingane vart det gjort testar med ball på demping, rulling og tregheit.
Alle resultat var innafor FIFA sine standardkrav, men for demping låg tala litt lavt.

Mykje sand under gummigranulatet kan vere årsaka, meinte Jens Westberg frå ISA Sport Nordic som utførte målingane på oppdrag frå kunstgrasleverandøren Bresco.
For å få betre demping kunne det vere ei hjelp å køyre over bana ofte med ei maskin med metalltindar. Då ville ein løyse opp sanden i botnen.
Og med litt ekstra påføring av gummigranulat ville dempinga bli betre, trudde Westberg.

Då den nye bana vart lagt i juli vart det brukt granulat frå den stormskada bana for å spare kostnader.
Kunstgrasbana på Hellesylt stadion har no både småsingel og sand i seg som truleg virvla inn på det gamle fotballdekket frå løpebana under orkanen Dagmar.

Her blir demping med ball målt.
Her blir demping med ball målt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380