Lokalnytt

Imponerande støttekonsert

Ungdomskoret Joyful.
Ungdomskoret Joyful.

Storfjord kulturhus var halvfullt då Arild Ringdal ønska dei frammøtte velkomne til støttekonsert for TV-innsamlingsaksjonen 2012. Dyktige aktørar frå alle bygdelag i kommunen stod fram og imponerte.


Aksjonskomiteen i Stranda har ordførar Jan Ove Tryggestad, Aud T. Berstad og Arild Ringdal som medlemer. Ringdal var glad for at så mange tok vegen til kulturhuset for på den måten å støtte innsamlingsaksjonen for Amnesty International. Inngangsbilletten til støttekonserten gjekk i si heilheit til innsamlinga.

John Petter Aambakk var dyktig programleiar og først ut på scenegolvet var dei tre i Jårongstausene som serverte eitt av høgepunkta under konserten.
God var også Knut Arne Humberset i ”You raise me up”. Deretter kom den eine sviska etter den andre frå Marta Vikan, Gospelkoret frå Geiranger og ikkje minst frå Kjellaug Oma og Sigurd Drege som song duett.

Sokneprest i Stranda, Lars Einar Flø hadde apell i høve innsamlingsaksjonen, før dansegruppa frå Hellesylt UL inntok parketten. Ein stor flokk unge, friske dansarar som fekk velfortent og stor applaus for eit sprekt innslag.
Ungdomskoret Joyful imponerte også mykje i to songar. Vi forsto lite av teksten, men rytme, ung friskheit, songglede og rein vellyd gleda og høvde fortreffeleg som songinnslag i innsamlingsaksjonen.
Dirigent for ungdomskoret frå Hellesylt, Kristin Storstein stod sjølv for eit av dei store minna frå konserten med framføring av Erik Bye si vise ”Vår beste dag”.

Dei fleste musikalske innslaga hadde tonefølgje på tangentinstrument av Gunnar Inge Eide eller Andre Ramstad. Stranda Spelemannslag sytte for tonane sjølve og gav til kjenne at 50-åringen enno kan servere friske takter.
Trøkk var det også i avslutninga der Kjartan Lied imponerte igjen som operasongar.

Fylkesaksjonsleiar for innsamlingsaksjonen, Synnøve Haga var også til stades i Storfjord kulturhus.
I Stranda går 100 friviljuge bøsseberarar rundt søndag, kunne Synnøve Haga fortelje. På landsbasis blir 2.2 mill. husstandar besøkt denne dagen. Alle frå kongehus til den vanlege mann og kvinne er med for å ”Stå opp mot urett”. Ho håpa alle ville ta godt imot bøsseberarane og støtte innsamlingsaksjonen.

Kristin Storstein.
Kristin Storstein.
Dansarar frå Hellesylt UL.
Dansarar frå Hellesylt UL.
Jårångstausene.
Jårångstausene.
Kjellaug Oma og Sigurd Drege.
Kjellaug Oma og Sigurd Drege.
Kjartan Lied.
Kjartan Lied.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380