Lokalsport

Innfører parkeringsavgift i Hyttehola

Idrottslaget har godt utstyr og dyktige sjåførar til preparering av løyper, men driftsutgiftene er store. Her er sjåfør Trond Åge Dyrkorn i turområdet ved Liamyrane.
Idrottslaget har godt utstyr og dyktige sjåførar til preparering av løyper, men driftsutgiftene er store. Her er sjåfør Trond Åge Dyrkorn i turområdet ved Liamyrane.

Hovedstyret i Sunnylven Idrottslag har vedteke å innføre parkeringsavgift i Hyttehola i vinterhalvåret. Avgifta vil gå til å dekke faste kostnader med å drive skianlegget.

Gode forhold i løypenettet på stadion og brøyting av parkeringsplassen medfører store driftsugifter. Vedlikehald og driftskostnader på trakkemaskin og scooter er betydelege i løpet av ein vinter, heiter det i meldinga frå idrottslaget.
Parkeringsavgifta blir satt inn på eigen konto og midlane vil kun bli brukt til å ordne best mulege forhold i Hyttehola, både på parkeringsplassen og i skisporet. Fyrste sesongen blir eit prøveår.

Sesongkort for vinterhalvåret vert å få kjøpt hos Rune Hole tlf. 97730403 og Gisle Aaland tlf. 93480833 .

Avgifta blir kr. 400,- pr. husstand. Parkeringskortet må vere med i bilen som blir brukt til Hyttehola og vere lett synleg gjennom frontruta.
For dag og kveldsparkering er avgifta sett kr. 40,- pr. bil og vert å få kjøpt på parkeringsplassen i Hyttehola ( kasse / informasjon blir satt opp) .

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380