Kakesal for skuletur

Terese Hauge til venstre og Irene Trøen Frøysa hadde leita fram og fylt opp den gamle dragarvogna med kakeboksar på salgsrunden sin.

Terese Hauge til venstre og Irene Trøen Frøysa hadde leita fram og fylt opp den gamle dragarvogna med kakeboksar på salgsrunden sin.

Sal av boksar fulle av søte kaker er ei av inntektskjeldene når reisekassa skal fyllast opp til skuletur for elevane i tiande klasse ved Sunnylven skule.


I tussmørkret etter skuletid kom Terese Hauge og Irene Trøen Frøysa på salgstur med dragarvogn. Lasset i vogna var kakeboksar med Mormors doble Sjokoladeflarn og Lillebrors beste Karamellblanding, søte, gode kaker.

Heile 298 boksar med kaker hadde dei fått tilsendt, og alle dei elleve elevane i tiande klasse ved Sunnylven skule var ute på salsrunde denne kvelden.
I dragarvogna var det to mindre når handelen vår var over.

Overskotet av salet skulle gå til å finansiere skuletur til neste sommar. Etter planen skal den gå til Trondheim, fekk vi oss fortalt.

-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380