
Sunnylven sanitetslag held på sine tradisjonar. Laurdag inviterte styret på årets laurdagskafe i Sunnylven samfunnshus og mange stakk innom.
-Vi går gjerne på laurdagskafe for å treffe andre og slå av ein prat. Det er eit flott tiltak som eg håper dei vil halde fram med i mange år. Og så får vi kjøpe så mykje godt, i dag var det betasuppe og kaffi og kaker etterpå. Vi støttar sanitetslaget, dei er dyktige, sa Eling Hole.
Mange gjorde som han, det var jamt besøk heile tida dei fire timane frå opninga kl. 11.00.
I mai feira Sunnylven sanitetslag 100 år med utstilling og program under jubileumsfest på Peer Gynt Galleriet.
Det meste av utstillinga då var sett fram igjen under laurdagskafeen. I vestibylen kunne ein sjå både utstyr som var brukt i eldre tid og bilde av personar med lag fartstid innan helsetenesta i Sunnylven.
Og sjølvsagt var ”Skramlå” på plass, trekkjarapparatet som har vore både til glede og skuffelse for mange når sanitetslaget har halde basarar og andre lotteri.
Rundt 5000.- kroner netto og triveleg sosialt samvær for mange vart resultatet på Sunnylven sanitetslag sin laurdagskafe.


