Mindre i TV-innsamling

Arnfinn Tryggestad hadde rode om Sunnylven omsorgsenter og leverte bøssa i banken til Annvor Tryggestad og Ingebjørg S.Fivelstad.

Arnfinn Tryggestad hadde rode om Sunnylven omsorgsenter og leverte bøssa i banken til Annvor Tryggestad og Ingebjørg S.Fivelstad.

Under TV-innsamlingsaksjonen søndag kom det inn 17.363.- kroner i Sunnylven. Det er mindre enn i fjor då resultatet vart 21.598.- kroner.

Med unntak av i fjor har beløpet for Sunnylven vore kring 20.000,-. I år kom det inn 17.363.-kroner, eit resultat som også er 800 kroner mindre enn då innsamlingsaksjonen gjekk til menneskerettsorganisasjonen Amnesty Inernational på 90-talet.

I Sunnylven var det Sunnylven IL som stod for innsamlinga. Tretten bøsseberarar var i aksjon rundt om i alle bygdelaga og gjorde jobben i godt haustver.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380