Lokalnytt

Ny høgspentline i Nebbedalen

Høgspentlina i Nebbedalen blir lagt i bakken som kabel.
Høgspentlina i Nebbedalen blir lagt i bakken som kabel.

Stranda Energi A/S er i gong med å kable høgspentline i Nebbedalen i Sunnylven, frå Tryggestad til Fivelstad.


I Nebbedalen blir høgspentlina lagt i kabel frå trafo ved Litlebø kraftverk på Tryggestad til Fivelstad, i ei lengde på totalt 4.5 km.

-Høgspentlina i Nebbedalen er gamal, men kunne nok gjort teneste nokre år til. Etter kvart er det fleire gamle linjer i området vårt så ein stad må vi starte med fornying. Vi valde å starte i Nebbedalen der høgspentlina også er litt vanskeleg å kome til om feil oppstår, seier nettsjef Terje Årdal i Stranda Energi A/S.

Det er maskinfirma Per Røyrhus A/S som utfører arbeidet på to tredjedeler av lengda for Stranda Energi A/S. I grøfta blir kabelen lagt på duk og sand og deretter dekt med ny sand og jord.
Minst 50 cm. med overdekning er kravet, fortel gravemaskinkøyrar Kjell Sveinung Røyrhus hos entreprenøren. Fire mann med tre store gravemaskiner og ein dumpers jobbar fram arbeidet som skal vere ferdig og kanskje straumførande før vinteren set inn for alvor. Arbeidet er i rute, seier Røyrhus.

Årdal fortel at også på Reset, Hellesylt arbeider e-verket med forlenging av høgspentkabel. Det er linja som kjem gjennom Streketunnelen frå Stranda som blir knytt til eksisterande linjer for å sikre straumtilførsel til Hellesylt ved utfall sørfrå.

Kjell Sveinung Røyrhus og dei andre som jobbar med høgspentkabelen har møtt mykje djup og blaut myr, men er i rute med arbeidet.
Kjell Sveinung Røyrhus og dei andre som jobbar med høgspentkabelen har møtt mykje djup og blaut myr, men er i rute med arbeidet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380