Opna Sunnylven bibliotek i nye lokale

Sunnylven bibliotek vart opna tysdag. Sentrale personar på opningsdagen, frå venstre Marit Ljøen, Kari Hauso Stadheim, Anette Frøysa, Inga Elise Nybø Vik, Mariann Sundgot Frøysa og Odd Jostein Bjørdal

Sunnylven bibliotek vart opna tysdag. Sentrale personar på opningsdagen, frå venstre Marit Ljøen, Kari Hauso Stadheim, Anette Frøysa, Inga Elise Nybø Vik, Mariann Sundgot Frøysa og Odd Jostein Bjørdal

Tysdag vart Sunnylven bibliotek offisielt opna i Sunnylven kyrkjelydshus. Etter helsingstaler var det offisiell opning med snorklipping og servering av kaffi og kaker til mange frammøtte.


Det vart knapt om plassen mellom bokreolane i Sunnylven bibliotek på opningsdagen. Heile 71 personar, unge og eldre kom innom for å oververe opninga og låne bøker.
For lesestoff er der mykje og variert utval av både for born og vaksne. Bibliotekstyrar Marit Ljøen har til no registrert kring 2000 bøker med strekkodar, men trur at heile samlinga inneheld fram mot 20.000 bøker.
Støttegruppa for Sunnylven bibliotek har hatt Kari Hauso Stadheim, Mariann Sundgot Frøysa og Odd Jostein Bjørdal som medlemer. Tysdag var det offisiell opning med snorklipping og det stod to ungdomar for, Anette Frøysa og Inge Elise Nybø Vik.

Språkleg kompetanse
Kari Hauso Stadheim ønska vel møtt. Etter initiativ frå unge og eldre hadde Sunnylven no fått sitt eige bibliotek. Samfunnet i dag var slik at ein kunne skaffe seg kunnskap og oversikt over det meste gjennom media og data. Likevel var boka viktig, den utviklar fantasi, kreativitet og aukar den språklege kompetansen.
-Når du opnar ei bok opnar du samtidig porten til løyndommane sitt hus, det er verda som finst der inne, sa Kari Hauso Stadheim, og la til: -Å behalde biblioteket var ikkje eit ønskje frå få, men frå dei mange i bygda vår.

Gamalt bibliotek
Odd Jostein Bjørdal såg tilbake på grunnen til at biblioteket var flytta frå lokala ved Coop Marked til Sunnylven kyrkjelydshus slik at Sunnylven har fått behalde eit tilbod bygda har hatt heilt frå 1850-åra.
Ingen offisielle frå Stranda kommune hadde høve til å møte, men Bjørdal gav ros til leiaren i helse, oppvekst og kultur, Arild Ringdal for råd og initiativet i saka som no hadde fått så god løysing. Han takka også alle som hjelpte til med flyttinga.
13 lag og organisasjonar har samarbeidd for å sikre vidare drift, frå Pensjonistlag til Barnehage. Også vepna grupper hadde bidrege, fleipa Bjørdal og sikta til Sunnylven skyttarlag.

Gåvesjekk frå Hellesylt ungdomslag
Rundt 22.000 kroner må skaffast for å drifte Sunnylven bibliotek årleg. Beløpet skal dekke husleige, lisens dataprogram, kontormateriell og kjøp av bøker.
At folk brukar biblioteket er viktig, men korleis resten av utgiftene blir dekka inn er uklart.
At Hellesylt Ungdomslag kom med gåvesjekk på 2000.- kroner på opningsdagen gleda og hausta applaus frå dei mange frammøtte. Støttegruppa håper nok på fleire liknande gåver.
Frå Stranda sogelag fekk Sunnylven bibliotek ei bokgåve.

Bibliotekstyrar Marit Ljøen feira opningsdagen med flagg.

Bibliotekstyrar Marit Ljøen feira opningsdagen med flagg.

Aller først ute for å studere og låne bøker var Dortea Vollset frå Bærum og Anette Frøysa frå Hellesylt.

Aller først ute for å studere og låne bøker var Dortea Vollset frå Bærum og Anette Frøysa frå Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380