Ordførarar i sykkelstafett

Ordførar Jan Ove Tryggestad ønskjer kollega Charles Tøsse god tur vidare på sykkel til Ørskog. (Foto: Hallgeir Hove, Stordal.)

Ordførar Jan Ove Tryggestad ønskjer kollega Charles Tøsse god tur vidare på sykkel til Ørskog. (Foto: Hallgeir Hove, Stordal.)

Ordførarar over heile fylket har i dag stil opp i sykkelstafett i høve TV-aksjonen søndag. Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad sykla etappa frå Liabygda til Stordal.


Det var i vegkrysset i Liabygda Jan Ove Tryggestad overtok sykkelstafetten frå ordførar i Norddal, Bjørn Inge Ruset.

Etter 14 kilometer med eigen muskelkraft som motor, kunne Tryggestad overlevere ”stafettpinnen” og veksle med Stordal-ordførar Charles Tøsse.
Tøsse heldt fram til Ørskog etter at eit eige brev om aksjonstemaet ”Stå opp for urett” var lese opp.

Innsamlinga i år går til menneskerettsorganisasjonen Amnesty International.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380