Lokalsport

På ei grøn fotballbane

Hellesylt stadion fekk nytt kunstgrasdekke i juli i år.
Hellesylt stadion fekk nytt kunstgrasdekke i juli i år.

Etter skadane i romjula i fjor vart Hellesylt stadion igjen speleklar for fotball til haustsesongen. Frå august har bana vore ein yrande samlingsstad for fotballglade i Sunnylven.


Hellesylt stadion er ein viktig arena for vesle Sunnylven. Ikkje berre for aktive fotballspelarar som bygda har mange av i begge kjønn og aldrar, men arenaen er også ein sosial samlingsstad for ikkje aktive når heimelag spelar kampar.
Gratulerer til dei som såg det viktig å få Hellesylt stadion speleklar igjen etter det utrulege som skjedde under juleorkanen 2011.

Fotballsesongen for Sunnylven sine seniorlag er over, eit år som enda med flotte resultat og tabellplasseringar.

Damelaget
Damelaget var eit samarbeidslag mellom Sunnylven og Stranda. Ein sportsleg suksess som fullførte sesongen til sølvplass i 3. divisjon.
Laget som vart trena av Hans Hole hadde ei stamme av gode, erfarne spelarar på eit sportsleg høgt nivå.
Rundt desse blomstra det fram nye, unge som imponerte med både innsats og godt spel.
Det vart eit suksesslag i alle lagdeler og som berre Herd med eit nødskrik makta å slå. Eitt poeng skilde laga då seriespelet var over.

Samarbeidslaget Sunnylven/Stranda vart så godt som mange håpa. At same mannskap må få spele på same lag neste år er vårt ynskje. Samarbeidet mellom dei to naboklubbane gjer samhaldet sterkare og høgdar kvaliteten på laga, både på trening og i kampar, trur vi.

Masse mål
Kirsti Frøysadal Hauge vart på nytt toppskårar med heile 41 mål, eitt mindre enn i 2011-sesongen.
Stine Fivelstad var skada ein lang periode på vårparten, men fekk likevel notert 16 mål til slutt.
Andre målskårarar:
Marte Slettebak 7, Jannicke Gjerde 6, Ellen Marie Hole 5, Sandra Kammen 3, Anne Lise Lødøen Helset 2, Inga Nybø Vik 2, Eline Langlo, Tina Jøsok og Lena Gjerda, alle 1 mål kvar.
Laget slutta med målforskjel 85-17 etter 14 seriekampar.

Herrelaget
Seniorlaget herrer rykkjer opp til 5. divisjon neste sesong. Ein ny, strålande prestasjon av Sunnylven Fotball.
Jens A. Forbord har vore hovudtrenar for laget. Spelestilen vart endra i 2012, frå å slå lange pasningar opp på topp, vart Sunnylven eit meir spelande lag.
Kanskje vel mykje spelande tykte enkelte, for balltap i kampar førte gjerne til neglebiting hos fleire av heimepublikum.
Spelestilen har likevel gjort at spelarane har tykt det var artig å spele på laget, veit vi. Alle har fått vere meir med i kampane.

Ei festning
Det vart berre bortekampar med vanskelege treningsforhold for laget i vårsesongen. Men gjennom godt samarbeid med naboklubben Stranda gjekk trening- og seriespelet sin gang for begge seniorlaga.

Då Hellesylt stadion vart grøn igjen i slutten av juli, vart bana ei festning der laget ikkje tapte.
Dermed vart målet om opprykk nådd, på same poengsum som Hareid 2, men med betre målforskjel.
No står to KM-kampar for tur om tittelen best i 6. divisjon.

Storskårar
Alf Ole Sundgot vart toppskårar for laget med 23 mål. Henning Frøysa stoppa på 13 mål og Hans Kristian Hjellbakk Hole 9.
Bård Forbord bomma på eitt, men donka inn 6 andre straffespark i løpet av sesongen.
Resten av målskårarane:
Ole Arnstein Ringdal 5. Markus T. Forbord 4, Helge Tryggestad 3, Leif Rune Tryggestad og Olav Åge Åsen 2, Jørgen Helset, Vidar Even Leite og Trygve Aaland Tryggestad alle 1, og 2 sjølvmål.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380