6. mars 2026

Peer Gynt Galleriet inviterer på julebord

To laurdagar i november blir det arrangert julebord ved Peer Gynt Galleriet på Hellesylt. Velsmakande, heimelaga varmrettsjulebord og dessertbuffet, fristar bedrifta med.


Laurdag 17. november og 24. november vil alle som melder seg på få servert det beste av julemat og i tillegg oppleve underhaldning av dyktige aktørar på Peer Gynt Galleriet, Hellesylt.

Pianotrubadur Odd Kåre Fløtre er vokalist i bandet Voldingane, men under julebordet 17. november syter han for underhaldning åleine. Og denne kvelden kan gjestar på julebordet også få sin eigen ynskjekonsert med trubaduren.

Laurdag 24. november blir julebordet like velsmakande, men med ny trubadur. Bjørn Aurstad, eller Bjørkis om han kallar seg trakterer gitar, eit instrument som har vore hans følgjesvenn dei siste ti åra. Han kjem med eit variert repertoar og gledar seg til å underhalde for julebordgjestar på Peer Gynt Galleriet.

Det blir to glade helgar med mykje god mat i kunst og kultursenteret på Hellesylt i november. Vertskapet ved Peer Gynt Galleriet ynskjer alle velkomne.
Ikkje vent med påmeldinga, det kan bli knapt om plassar etter kvart.
Sjå aktivitetskalendaren for påmelding.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →