Preparert for lufting
Snøfallet dei siste dagane har gjeve topp forhold i skianlegget i Hyttehola. Laurdag var løypene preparert, for trening og lufting.
Sjeldan har vel skisesongen starta i slutten av oktober i Sunnylven, men no er forholda lagt til rette for første skitur i Hyttehola.
Løypene er flott preparerte, får vi opplyst.
(Om det er i samarbeid med grendalaget i bygda som arrangerer saudehaudfest laurdag kveld at trakkemaskina vart starta opp veit ikkje vi. Kanskje kan det vere godt for enkelte med ein luftetur dagen etter.)
Jentene avslutta med storsiger
Sommar og vinteridrett går i hop utan opphald. Laurdag avslutta Sunnylven sitt jenter 13-lag fotballsesongen med bortekamp mot HaNo. I Nordøyhallen på Haramsøy vart det storsiger 8-1.
hellesylt.no gratulerer med flott gjennomført sesong.