Unge bønder styrer Sunnylven Bondelag

Peder Hellebostad er leiar i Sunnylven Bondelag.

Peder Hellebostad er leiar i Sunnylven Bondelag.

Fleire bruk med eigarskifte det siste året har gjeve nye, unge bønder som satsar på jordbruksyrket i Sunnylven. Dette avspegla seg under årsmøtet og val av styre i Sunnylven Bondelag.


Peder Hellebostad held fram som leiar i Sunnylven Bondelag. Med seg i styre har han mange nye, unge bønder med tru på ei framtid for norsk jordbruk. Aldri før har det lokale bondelaget hatt ei styreleiing med snittalder på rundt 35 år, men slik vart det under årsmøtet på Tronstad Grendahus nyleg.

Rundt tretti medlemer møtte fram der vanlege årsmøtesaker stod på kartet.
I årsmeldinga vart det referert til deltaking på Landbruksmesse, demonstrasjonstog i Oslo i mai, førstehjelpskurs med 15 deltakarar, medlemsmøter, bondekafe og traktorløp for born under Sommardagar på Hellesylt.

Sunnylven Bondelag gav gåve saman med Stranda Bondelag til veterinær Tor Kleve-Ruud som i 2012 slutta etter fleire ti-år i veterinærteneste i Stranda og Sykkylven, laget gav 1000.- kroner til Sunnylven sanitetslag i høve 100-års jubileet, og det vart kjøpt premiar til deltakarar i World Base race.

Val
I styre for Sunnylven Bondelag er desse med. Peder Hellebostad held fram som leiar. Styremedlemer: Rita Eide Ljøen, Nils Kåre Frøysa, Jørn Stadheim (attval), Peder Rune Tronstad (ny), Jørgen Helset (ny).
Varamedlemer: 1. Astrid Tronstad Dyrkorn, 2. Knut Sundgot, 3. Johan Inge Kjellstad.
Revisorar: Hans Hole, Synnøve Kjellstad.
Valnemnd: Marit Hellebostad, Annbjørg Fivelstad, Per Kjell Leite.

Utnytte eigne ressursar
Organisasjonssjef i Møre & Romsdal Bondelag, Arnar Lycke deltok på årsmøtet og friska opp frå både lovlege og ulovlege bondeaksjonar i mai i samband med jordbruksforhandlingane. Det var nødvendig og det gav bøndene mykje positiv respons mellom folk, meinte Lycke.
Det som var viktig no var å sjå framover, jobbe for å få vilkår for å produsere mat på eigne ressursar i staden for å satse på import.
Jordbruket skal produsere mat, difor måtte øydinga av dyrka jord og nedlegging av husdyrbruk stoppast. 100.000 dekar dyrka jord har gått ut av produksjon dei siste ti åra og det minkar av aktive bønde, sa Arnold Lycke.
Han viste til at 14.000 driv med sauehald, 12.000 storfe, ca. 1000 er svineprodusentar og nokre hundre med kylling og eggproduksjon.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380