15. juli 2026

Får prestevikar etter nyttår

Teologistudent Morgan Berg kjem tilbake som prestevikar i Sunnylven og Geiranger etter nyttår.
Teologistudent Morgan Berg kjem tilbake som prestevikar i Sunnylven og Geiranger etter nyttår.

Morgan Berg hadde sommarjobb som prestevikar i Sunnylven og Geiranger i august. Over nyttår er han tilbake i jobben fram til midten av februar.


Morgan Berg var prestevikar i Sunnylven og Geiranger om lag tre veker i august. Då venta nye studiar ved Menighetsfakultetet i Oslo der han hadde tre år igjen av teologiutdanninga.

Like over nyttår kjem Berg tilbake til Sunnylven og Geiranger for å jobbe her til ut i februar. Det stadfestar prost Svein Runde. Målet er å få tilsett sokneprest for Sunnylven og Geiranger, då i ei delt stilling som sokneprest og trusopplærar i Norddal og Stranda kommune.
Det er tre prosti som til no ikkje har fått trusopplæringsmidlar frå Staten, mellom dei Austre Sunnmøre prosti. Runde håper at pengane kjem neste år.

Lika seg i sommarjobben
Morgan Berg fann seg godt til rette i sommarjobben i Sunnylven og Geiranger. 28-åringen tykte det var vakre kyrkjebygg og fin natur på Sunnmøre. Han vikarierte både i Skodje og Norddal i vekene i august.

Som ferdig utdanna prest kunne han tenkje seg å søkje jobb i ei middels stor menigheit. Før tenkte han alltid på jobb i ein by, men etter kvart har ein halvstor stad også freista, kanskje ein stad som Hellesylt, uttala han under ein prat med nettstaden hellesylt.no i august.

I tillegg til utdanning som prest syng Morgan Berg tenor i Oslo Domkor, og han øver for å bli ein god organist, som han sa.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →